VTB 31.03.01
Lokalt vaktselskap skal stoppe kjeltringane
Talet på innbrot og grove skadeverk er aukande i Nissedal. Torgeir Aarak tenkjer førebygging og startar lokalt vaktselskap. Målet er å få kjeltringane til å skygge unna bygda.
Lokalt vaktselskap skal stoppe kjeltringane
Talet på innbrot og grove skadeverk er aukande i Nissedal. Torgeir Aarak tenkjer førebygging og startar lokalt vaktselskap. Målet er å få kjeltringane til å skygge unna bygda.
Geir Ufs
geir.ufs@vtb.no
Torgeir Aarak i Treungen jobbar som sikkerhetsssjef for Bergene Holm. Alarm er ikkje ukjent område i kvardagen.
Bror til Torgeir driv Byggtre i Treungen. Han har fått fleire førespurnader frå hyttefolk om oppsyn.Sjølv har han eit eige behov for ei slik ordning i verksemda.
På grunn av lange avstandar kan ikkje vaktselskap som har alarmsystem i kommunen rykkje ut. Tjuvar og verdiar er over alle haugar før vakta kjem fram. Bror min kom med idéen om å lage eit lokalt vaktselskap. Eg heiv meg på tanken og kommunen kom med positiv respons. Eigarane av hyttefelt tente også på idéen, fortel Aarak.
Kraftig reduksjon i innbrot
I Nissedal er det døme på hyttefelt som har hatt 20 innbrot på to nettar. Det gjev negativ omtale for området. Vaktselskapet til nissedølen, som har fått namnet Aarak alarm og sikring, skal vere eit tilbod som kan luke bort problemet. Ein oblat på glaset viser at bygget er tilkopla lokal alarmstasjon. Då held tjuvane seg vekk, meiner Aarak.Mykje truleg har han rett i det. Ei erfaring viser at 99,7 prosent av alle bustader knytta til alarmsentralane til Falken i byen, ikkje blir utsett for innbrot.
Viktig med observasjon
Aarak og medhjelpar Håvard Gaastjønn Tveit har gått på vektarkurs. Dei har fått godkjenning av lokal lensmann og politimeister til å utføre vaktteneste. Me er klare til oppgåva og tilbodet er alt i full gang. Målet er ei teneste så god at andre tilrår ho til naboane. Skjer det eit innbrot, vil me vere på plass innan kort tid. Me vurderer i kvart tilfelle kva som er rett å gjere når me kjem til åstaden. Observasjon av bilar og anna er viktig. Me har fullmakt til å stoppe tjuvar og hindre at varer forsvinn. Me har alarmrutiner til politivakta og godt samarbeid med den lokale lensmannen, fortel Aarak.Mange bygningar i byane har fått godt sikringssystem. Aarak trur derfor tjuvane trekkjer meir til bygdene. Kjeltringane flår oss på bygdene. Ein fin måte å stoppe denne utviklinga på er å lage lokale vaktselskap, slår han fast.
Fleire arbeidsplassar
Aarak tilbyr tenesta til både hytter, bustader og verksemder. Førebels blir vaktselskapet ein interessant bijobb for Aarak. Tida vil vise om det blir den nye arbeidsplassen hans.Fleire verksemder har alt sagt ja til å vere med på det lokale tiltaket. Også eigarar av bustader viser interesse. Det er om lag 1.300 hytter i kommunen. Aarak er spent på om hytteeigarane ynskjer tilbodet. Eg trur mange hytteeigarar vil knyte seg til vakta. Planen er å gå over på fire-delt vakt. På sikt er det snakk om fleire årsverk i verksemda, seier Aarak.Han har kjøpt eigen vaktbil til tenesta. Nyetableringa kan også tilby ei teneste til einslege og andre, som ynskjer å bli kontakta om dei føler seg utrygge. Folk som er interessert i ei slik teneste må bare ta kontakt, seier Aarak.
Reduserer sabotasje
Han kan hjelpe folk med å skaffe alarmsystem. Alarmen blir knytt til GSM-systemet. Det er montert i lokalet og gjer at løysinga er mykje sikrare mot sabotasje. GSM-systemet kan også styre straumen og folk kan kome til oppvarma hytte. To fluger i ein smekk.
Lensmannskontoret i Nissedal ynskjer tiltaket til Aarak velkomen og seier tilbodet betrar tryggleiken for dei som nyttar det.
Eg har registrert mange innbrot i hytter, og ingen av dei har hatt alarm. Tjuvane hoppar over hytter med alarm. Det bør vere eit lokalt vaktselskap i kvar kommune der det er marknad for det, seier Olav Lia, fyrstebetjent ved Nissedal lensmannskontor.